USNS «Harvey Milk» | ||||
---|---|---|---|---|
Karriere i USA
|
||||
Klasse: | John Lewis | |||
Type: | påfyllings-tankskip | |||
Eigar: | Den amerikanske marinen | |||
Operatør: | Military Sealift Command | |||
Verft: | National Steel and Shipbuilding Company | |||
Sjøsett: | 6. november 2021 | |||
Døypt: | 6. november 2021 | |||
Sett i teneste: | 6. november 2021 | |||
Identifisering: | IMO-nummer: 9838773 | |||
Generelle eigenskapar | ||||
Lengd: | 226 m | |||
Dekkbreidde: | 32 m |
USNS «Harvey Milk» (T-A0-206) er eit amerikansk tankskip i John Lewis-klassen. Skipet blei bygt ved General Dynamics NASSCO i San Diego i 2021.[1] Tankskipet vert operert av Military Sealift Command for å støtte skip frå den amerikanske marinen. Skipet har ei lengd på 226 meter og ei breidd på 32 meter.[2]
Fram til 2011 hadde dei amerikanske styrkane ein personalpolitikk som var kjend som «Don't ask, don't tell». Den innebar at homofile blei tolerert, så lenge dei ikkje var opne om legninga si.[3]
I juli 2016 informerte den amerikanske marineministeren, Ray Mabus, kongressen om at han ville gje Military Sealift Command sine skip i John Lewis-klassen namn etter framtredande borgarrettighetsleiarar. USNS «Harvey Milk» er oppkalla etter homoaktivisten Harvey Milk, som kjempa for rettar for homofile.[4] Skipet er det fyrste i den amerikanske marinen som er oppkalla etter ein open homofil person.[5] Milk tenestegjorde som løytnant i den amerikanske marinen under Koreakrigen om bord på ubåtredningsskipet USS «Kittiwake» (ASR-13).[4] Han trakk seg frå marina i 1955 med det som vert kalla «avskjed i unåde».[6] Milk trakk seg for å ikkje bli stilt for krigsrett som homofil.[3][7] I samband med skipsdåpen den 6. november 2021[8] uttalte marineminister Carlos Del Toro «Skipsnavn er viktige fordi de gir uttrykk for hvilke verdier vi har som marine og som land og viser frem de verdiene over hele verden i alle havner».[3]
Bygginga av skipet starta i september 2018 ved National Steel and Shipbuilding Company (NASSCO).[9]