Ulla Pirttijärvi-Länsman | |||
![]() | |||
Fødd | 13. november 1971 (53 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Angeli | ||
Opphav | Finland | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar, joiker | ||
Born | Hildá Länsman | ||
Prisar | Áillohaš musikkpris, KEKSI-musikkpris |
Ulla Pirttijärvi-Länsman (fødd 13. november 1971) er ein samisk joikar frå Angeli (nordsamisk Áŋŋel), i Finland. Ho byrja karrieren sin med gruppa Angelin Tytöt, men forlet kort tid etter for å ha ein solokarriere. Ho framfører tradisjonell joik akkompagnert av vestlege arrangement på moderne instrument.[1]
Ulla Pirttijärvi voks opp med joik og annan song. Som ungt barn høyrde ho på mora og onkelen som song soger til henne, og ho song i lag med dei; då ho var ti kunne ho synga åleine. Ho byrja opptre offentleg med ei gruppe jenter som kalla seg Angelin Tytöt.
Pirttijärvi er svært engasjert i å frema samisk kultur og samisk sjølvstyre. I 1996 skreiv ho musikkboka Hoŋkoŋ dohkká, som vann ein kulturpris frå Nordisk sameråd,[2] og skreiv og produserte eit tilhøyrande album med songar retta mot barn for å læra dei samisk språk og tradisjon.
Pirttijärvi bur i Utsjoki med dottera Hilda og sonen Nilla-Ande. I 2014 skipa Ulla og dottera Hildá Länsman musikkgruppa Solju, og i 2015 deltok dei i Uuden Musiikin Kilpailu i Finland med songen «Hold Your Colours».[3]
I 2007 blei Pirttijärvi-Länsman gjeven Áillohaš musikkpris, ein samisk musikkpris tildelt av Kautokeino kommune og Kautokeino sameforening for å æra viktig innsats vinnaren har gjort for samisk musikk.[4][5]