Ullmyrklegg

Ullmyrklegg
Ullmyrklegg
Ullmyrklegg
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Snylterotfamilien Orobanchaceae
Slekt: Myrkleggslekta Pedicularis
Art: Ullmyrklegg P. dasyantha
Vitskapleg namn
Pedicularis dasyantha

Ullmyrklegg (Pedicularis dasyantha) er ein plante i snylterotfamilien. Plantane i myrkleggslekta er to- eller fleirårige halvparasittar som snyltar på andre plantar,

Planten vert 5-20 cm høg, med tjukke, gule rotgreiner. Stengelen er stiv og tett ullhåra. Blomsterkrona er raudfiolett.

Ullmyrklegg er heimleg og vanleg på vestkysten av Svalbard, elles veks han på Novaja Semlja og i Nord-Ural, helst på rabbar og tørr tundra.[1]

  1. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 999.