Ulrike Maier | |
Statsborgarskap | Austerrike |
Fødd | 22. oktober 1967 Rauris |
Død | 29. januar 1994 (26 år) Murnau am Staffelsee |
Idrett | alpint |
Tok del i | Alpine greiner under Vinter-OL 1988, Alpine greiner under Vinter-OL 1992 |
Ulrike Maier (22. oktober 1967–29. januar 1994) var ein austerriksk alpin skirennar som vart verdsmeister i super-g både i 1989 og 1991.
Maier, som var frå Rauris i forbundslandet Salzburg, fekk sin fyrste pallplass i verdscupen i alpine greiner då ho vart nummer i eit slalåmrenn i Courmayeur 30. november 1987. Etter ei rad med andre- og tredjeplassar i spesialøvingane storslalåm og super-g, vann ho sin fyrste store siger under VM i alpine greiner 1989 i Vail i USA. Med ein margin på tre fire hundredels sekund til sølv- og bronsevinnarane sikra ho seg VM-tittelen i super-g.
To år seinare forsvarte Maier VM-tittelen i super-g då VM i alpine greiner 1991 fann stad i Saalbach-Hinterglemm. I same meisterskapen fekk ho sølvmedaljen i storslalåm, gullmedaljen tok svenske Pernilla Wiberg. Maier vann i 19932/93-sesongen tre renn i verdscupen; eitt i storslalåm og to i super-g. Sesongen etter vann ho storslalåmtevlingane i Santa Caterina og Maribor.
Åtte dagar etter triumfen i Maribor omkom ho då ho fall i eit utforrenn i Garmisch-Partenkirchen. Gjennom sju sesongar 1988-94 stod ho på pallen etter 21 tevlingar (5-10-6).