Ulrikke Falch | |||
Fødd | 17. juli 1996 (28 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oslo | ||
Verka som | skodespelar, forfattar |
Ulrikke Falch (fødd 17. juli 1996) er ein norsk skodespelar, forfattar og samfunnsdebattant fødd i Oslo. Ho er mest kjend for rolla som Vilde Lien Hellerud i NRK-serien Skam. På sosiale medium har ho engasjert seg mot kroppspress, og fortalt korleis ho vart frisk frå eteforstyrringar. Falch og Susanne Kaluza starta kampanjen #postitgeriljaen på sosiale medium i juni 2017. Aksjonen fekk òg merksemd internasjonalt.[1] I 2017 kåra Nettavisen Falch til ein av dei 25 mest innverknadsrike på internett i Noreg.[2]
Falch har hatt over ein million følgjarar på bildedelingstenesta Instagram, men i midten av mars 2018 stengte ho kontoen då ho meinte ho trong ein pause.[3] Ho gjenopna kontoen i byrjinga av april same år.[4]
I august 2018 gav ho og medforfattaren Sofie Frøysaa ut boka Jenteloven - Feministisk førstehjelp.[5]