Ulstein Group | |||
| |||
Org.form | Allmennaksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 980489876 | ||
Bransje | Skipsbygging | ||
Skipa | 1917 | ||
Hovudkontor | Ulstein | ||
Land | Noreg | ||
Nettstad | https://ulstein.com (norsk) |
Ulstein Group ASA er eit norskeigd og familieeigd industrikonsern med aktivitetar innan designutvikling og bygging av skip, kraft- og kontrollsystem og maritime system og løysingar. Hovudkontoret er i Ulsteinvik i Møre og Romsdal fylke, eit viktig område for den norske maritime klynga.
Gunvor Ulstein er konsernsjef i Ulstein Group ASA[1] og styreleiar er Tore Ulstein. Ulstein Verft er det største selskapet.
Dagens Ulstein Group har opphav i Ulstein Mekaniske Verksted,[2] som Martin Ulstein starta i 1917.[3]
Ulstein Verft spesialiserer seg på å bygge avanserte skip, og har dei seinare åra bygd kabelleggarar, ekspedisjonscruiseskip, serviceskip til havvindindustrien, yacht og Ropax-hybridferje. Verftet har også bygd ei rekke skip for offshore olje og gass. To av dei seinaste nybygga frå verftet er kabelleggaren Nexans Aurora (2021) og ekspedisjonscruiseskipet National Geographic Resolution (2021). Hovudsatsinga er på nybygg og større ombyggingar, men verftet tek også på seg større reparasjonar, oppgraderingar, klassing, sliping, maling, kran- og løftearbeid. Ei avdeling i verftet tilbyr også transport- og kranløfttenester langs kysten.
Mange, men ikkje alle, skipa som vert bygde er baserte på Ulstein sine eigne skipsdesign, Ulstein-design, der skroginnovasjonane X-BOW, X-STERN[4] og TWIN X-STERN[5] ofte er innarbeidde. X-BOW blei tildelt Årets Ingeniørbragd av Teknisk Ukeblad i 2005.[6] 10 år etter markerte konsernet meir enn 100 selde X-BOW-design.[7]