Umm ar-Rehan | |||
أم الريحان, Khirbet Umm ar-Rehan[1] | |||
kommune | |||
Namneopphav: Basilikum-mora[1] | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Jenin guvernement | ||
Koordinatar | 32°29′00.53″N 35°08′31.18″E / 32.4834806°N 35.1419944°E | ||
Folketal | 370 (2007)[2] | ||
![]() Umm ar-Rihan 32°29′01″N 35°08′31″E / 32.483480555556°N 35.141994444444°E | |||
Wikimedia Commons: Umm ar-Rihan |
Umm ar-Rehan (arabisk أم الريحان, òg skrive Umm Rihan eller Um al-Rehan) er ein palestinsk landsby med 370 innbyggjarar høgt i dei nordvestlege åsane i Jenin guvernement, 14 km frå Jenin.[3] Han er ein av fleire palestinsk landsbyar som no er ein enklave i Separasjonssonen[3]
Umm al-Rehan er ein av sju landsbyar som er ein del av Barta'a-enklaven,[4] som er kalla opp etter den største byen i enklaven: den austlege Barta'a (3 500 innb.).[5]
I romersk tid bestod Umm ar-Rehan av kring hundre hus, eit vegsystem og hadde eit romersk bad.[6] Ein har òg funne lekamar daterte til bysantinsk tid.[7]
I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine landsbyen som ein stad med «spor av ruinar. Vest for han i dalen ligg ruinane av eit vakttårn».[8]