Uncle Remus | |||
| |||
Uncle Remus eller Onkel Remus er ein oppdikta forteljar og tittelfigur i ei samling afroamerikanske eventyr samla og gjenfortalde av Joel Chandler Harris i ei bok gjeven ut i 1881. Harris var journalist i Atlanta etter Reconstruction-tida etter den amerikanske borgarkrigen. Han gav ut sju Uncle Remus-bøker. Harris skreiv sogene for å skildra livet og slitet i Sørstatane, særleg på dei gamle slaveplantasjane der. Han gjorde dette ved å formidla eventyr han hadde høyrd gjennom rammeforteljingar i eit plantasjemiljø. Han skreiv sogene på ei dialektform som var hans tolking av den afroamerikanske dialekten i det såkalla Deep South på denne tida. Desse ramme- og stilvala gjorde at samlinga var kontroversiell.[1]
Uncle Remus er ei samling dyrehistorier, songar og munnleg folklore samla frå afroamerikanarar frå Sørstatane. Mange av historiene er didaktiske, omtrent som i Æsops fablar og i sogene til Jean de La Fontaine. Uncle Remus er ein vennleg gammal fridd slave som opptrer som forteljar i sogene og slik gjev sogene vidare til barn rundt seg, lik ein tradisjonell afrikansk griot.
Sogene er skrivne på ein måte utvikla av Harris for å framstilla talemåten blant afroamerikanarar i Deep South. Uncle Remus-figuren er sett saman av forteljarar Harris var blitt kjend med under tida si på Turnwold-plantasjen. Harris meinte at dialektbruken var ein måte å gjera sogene meir effektfulle og autentiske.[2] På tida då verket blei gjeve ut fekk Harris lovord for evna si til å formidla den svarte plantasjedialekten.[3]
Br'er Rabbit (Brother Rabbit, eller Bror Kanin) er hovudpersonen i mange av forteljingane. Han er ein trickster-figur som liker å lura og laga vanskar for andre. Ofte er han sett opp mot Br'er Fox og Br'er Bear. I ei forteljing lager Br'er Fox ei dokke av tjøre og tek klede på henne. Når Br'er Rabbit kjem forbi snakkar han til denne figuren, kjend i sogene som ein tar baby. Br'er Rabbit blir fornærma av at figuren ikkje svarar, og slår han, men sit fast.[4]
Harris samla seks band med Uncle Remus-soger mellom 1881 og 1907. Etter at han døydde i 1908 blei det gjeve ut tre bøker til posthumt.
I 1902 laga Jean Mohr ein teikneserie på to sider av Uncle Remus-soger kalla Ole Br'er Rabbit for The North American.[5]
McClure Newspaper Syndicate hadde ei sundagsstripe om Br'er Rabbit teikna av J. M. Condé frå 24. juni til 7. oktober 1906.[6]
Ei anna sundagsstripe, Uncle Remus and His Tales of Br'er Rabbit frå King Features Syndicate, blei gjeven ut frå 14. oktober 1945 til 31. desember 1972, inspirert av Disney-stripa Silly Symphony.[7]
Filmar
Fjernsyn
Uncle Remus opptrer mykje som ein bifigur i The Residents sin rockeopera Not Available, som dei spelte inn i 1974 og gav ut i 1978. Han gjev lite hjelpsame råd til hovudfiguren, som «Well, strangers have left on longer trains before».
«Uncle Remus» er ein song av Frank Zappa og George Duke frå Zappa-albumet Apostrophe (') frå 1974.[8]
Bob Dylan sitt episke dikt Last Thoughts on Woody Guthrie listar opp fleire folk ein gjerne ser til for håp og inspirasjon, og seier «that stuff ain't real». I eit vers av diktet seier han «And Uncle Remus can't tell you and neither can Santa Claus».[9][10]