Unicorn av Noa Kirel

«Unicorn»
Song av Noa Kirel

Land Israel
Språk Engelsk, hebraisk
Utgjeve 8. mars 2023
Sjanger Dansepop
Lengd 02:51
Selskap D-Music
Komponist Doron Medalie, May Sfadia, Yinon Yahel, Noa Kirel
Tekstforfattar Doron Medalie, May Sfadia, Yinon Yahel, Noa Kirel
Låtskrivar(ar) Doron Medalie, May Sfadia, Yinon Yahel, Noa Kirel

«Unicorn» (norsk omsetjing ‘einhyrning’) er ein israelsk song frå 2023 med songaren Noa Kirel. Songen er skriven av Doron Medalie, May Sfadia, Yinon Yahel og Kirel sjølv. Songen var det israelske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia, der han enda på tredjeplass.

Eurovision Song Contest

[endre | endre wikiteksten]

«Unicorn» blei send inn til den interne uttakinga til den israelske kringkastaren Kan. Ein eigen komité beståande av personar frå Kan, musikkforleggjarar og musikkfagfolk valde artisten Noa Kirel til å representere Israel i Eurovision Song Contest.[1] Under ein pressekonferanse 10. august 2022 stadfesta Kirel at ho hadde takka ja til Eurovision-oppdraget.

Den 17. januar 2023 avslørte Kirel at bidraget hennar heitte «Unicorn».[2] Songen hadde premiere 8. mars 2023 under ei spesialsending kalla HaShir Shelanu L'Eurovizion på tv-kanalen Kan 11 og nettsida kan.org.il.[3] I eit intervju uttalte Kirel at songen handlar om ein «sterk, uavhengig person som kan takle alt han møter».[4] Tittelen spelar på einhyrningen, ein myteomspunnen skapning. «Det er noko så uskuldig og reint med ein einhyrning, og vi måtte velje noko som berre finst i eventyr, i fantasiar», uttalte Kirel.[4] Artisten uttalte også at songen også reflekterer nasjonen Israel: «einhyrningen er sterk (…), og eg ser landet vårt som eit slikt sterkt land».[4]

Israel deltok i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai i Liverpool. Der blei «Unicorn» nummer tre og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai.[5] I finalen enda songen på tredjeplass med 362 poeng, den beste plasseringa til sidan sigeren i 2018.[6]

Listeplasseringar

[endre | endre wikiteksten]
Liste (2023) Høgaste
plassering
 Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[7] 43
 Finland (Suomen virallinen lista)[8] 10
Global Excl. US (Billboard)[9] 153
 Hellas (IFPI Greece, internasjonal musikk)[10] 3
 Irland (IRMA)[11] 37
 Island (Tónlistinn)[12] 7
 Israel (Media Forest)[13] 1
 Latvia (LAIPA)[14] 19
 Litauen (AGATA)[15] 6
 Nederland (Single Top 100)[16] 74
 Noreg (VG-lista)[17] 30
 Polen (Strømming Top 100)[18] 21
 Storbritannia (UK Singles Chart)[19] 45
 Sveits (Schweizer Hitparade)[20] 46
 Sverige (Sverigetopplistan)[21] 27
 Tsjekkia (Singles Digitál Top 100)[22] 84
  1. Farren, Neil (11. juli 2022). «Israel: Noa Kirel to Eurovision 2023». Eurovoix (på engelsk). Henta 23. mars 2023. 
  2. בוקר, רן (17. januar 2023). «נבחר השיר של נועה קירל לאירוויזיון 2023: כל הפרטים». Ynet (på hebraisk). Henta 23. mars 2023. 
  3. «N12- נועה קירל: "השיר לאירוויזיון כמעט מוכן, עדיין לא שמעו...». N12. 16. januar 2023. Henta 23. mars 2023. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Spiro, Amy (8. mars 2023). «NoaKirel unveils her Eurovision song contest entry». www.timesofisrael.com (på engelsk). Henta 23. mars 2023. 
  5. «Eurovision2023: Allocation Draw results». eurovision.tv (på engelsk). 31. januar 2023. Henta 22. mars 2023. 
  6. «GrandFinal of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023. 
  7. «SingleCharts vom 23. Mai 2023». oe3.ORF.at (på tysk). Ö3 Austria Top40. 8. november 2019. Henta 23. mai 2023. 
  8. Suomen Virallinen Lista (19. mai 2023). «NoaKirel – Unicorn». Musiikkituottajat (på finsk). Henta 19. mai 2023. 
  9. «BillboardGlobal Excl. US: Week of May 27, 2023». Billboard (på engelsk). 22. mai 2023. Henta 23. mai 2023. 
  10. «OfficialIFPI Charts Digital Singles Chart (International) Εβδομάδα: 20/2023». www.ifpi.gr. IFPICharts. Arkivert frå originalen 25. mai 2023. Henta 27. mai 2023. 
  11. «OfficialIrish Singles Chart Top 50». www.officialcharts.com (på engelsk). Official Charts Company. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023. 
  12. «TÓNLISTINN– Streymi, spilun og sala viku 20, 2023» (på islandsk). TónlistinnPlötutíðindi. 20. mai 2023. Arkivert frå originalen 20. mai 2023. Henta 23. mai 2023. 
  13. tool, nivthe (15. mai 2023). «מדיהפורסט - המצעד הישראלי השבועי– שירים מובילים - רדיו - ישראלי [Media Forest – Den ukentlige israelske paraden – Topplåter – radio – israelsk]». mediaforest-group. Arkivert frå originalen 22. mai 2023. Henta 22. mai 2023. 
  14. «MūzikasPatēriņa Tops/ 20. nedēļa» (på engelsk og latvisk). LAIPA. 22. mai 2023. Henta 29. mai 2023. 
  15. «202320-os savaitės klausomiausi (TOP 100)». Agata (på litauisk). 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023. 
  16. «NoaKirel – Unicorn». dutchcharts.nl. Dutch Charts – dutchcharts.nl. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023. 
  17. «NoaKirel på Norges offisielle singelliste». topplista.no. IFPI Norge. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023. 
  18. «OLiS- oficjalna lista sprzedaży». www.olis.pl (på polsk). Henta 1. april 2023. 
  19. «NotKirel | full Official Chart History». www.officialcharts.com. Official Charts Company. Henta 19. mai 2023. 
  20. «NoaKirel – Unicorn – hitparade.ch». swisscharts.com. Hitparade.ch. 21. mai 2023. Henta 23. mai 2023. 
  21. «VeckolistaSinglar, vecka 29». Sverigetopplistan (på svensk). 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023. 
  22. «Unicorn– Noa Kirel». ifpicr.cz. ČNS IFPI. 22. mai 2023. Henta 23. mai 2023.