Urtica ferox | |
Urtica ferox | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Roseordenen Rosales |
Familie: | Neslefamilien Urticaceae |
Slekt: | Nesleslekta Urtica |
Art: | U. ferox |
Vitskapleg namn | |
Urtica ferox |
Urtica ferox, kjend som ongaonga, er ei nesle som veks endemisk på New Zealand. Planten, som stundom vert kalla «trenesle», har ein treaktig stamme og uvanleg lange og stikkande nåler, og kan veksa fem meter i høgda. Sjølv den aller lettaste kontakten med planten kan føra til eit smertefullt stikk som kan vera plagsamt i fleire dagar.
I maori-folkeminne heiter det at Kupe skal ha lagt ut talrike hinder for å seinka forfølgjarar som han hadde stole konene frå; og eit av desse var ongaonga.
Ongaonga er den viktigaste næringsplanten til larven til sommarfuglen New Zealand red admiral eller kahukura, Bassaris gonerilla.
Der er ein rapport om eit dødsfall av menneske etter kontakt med planten—ein lettkledd jeger som (i 1961) døydde fem timar etter å ha gått gjennom eit tett kratt.[1]