Valdresflye

Valdresflye
Valdresflye sett frå nord. Ein kan ana riksvegen og husa til Valdresflya vandrarheim.
Foto: Kjetil Lenes
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Øystre Slidre
Kart
Valdresflye
61°23′10″N 8°48′59″E / 61.38603°N 8.81646°E / 61.38603; 8.81646
Wikimedia Commons: Valdresflya

Valdresflye er ei vidde som ligg nord i Øystre Slidre kommune i dalføret Valdres. Flya ligg mellom Bygdin og Sjodalen, i Aust-Jotunheimen.

Riksvegen over Valdresflye, sett austfrå.

Riksveg 51 går over ho til Ottadalen. Vegen er vinterstengd og har høgaste punkt på 1 389 meter over havet. Midt på vidda, ved sida av riksvegen, ligg Valdresflya Vandrerhjem.