Valhalla Memorial Park Cemetery er ein kyrkjegard ved Victory Boulevard i North Hollywood i California. Han har namn etter Valhall, staden for falne heltar i norrøn mytologi.
Kyrkjegarden har ei eiga avdeling kalla «Portal of the Folded Wings Shrine to Aviation», som er den siste kvilestaden for ei rekkje flypionérer — barnstormers, våghalsar og andre luftfartspionerar. Ho har eit minnesmerke over Amelia Earhart og andre til ære for deira prestasjonar.
Gravplassen har ein inngangsportal med fargerike kvinnefigurar som strekkjer armane opp mot himmelen.
Valhalla vart grunnlagd i 1923 av to lokale finansmenn, John R. Osborne og C.C. Fitzpatrick. Inngangsportalen vart teikna av arkitekt Kenneth McDonald Jr., og utført av skulptøren Federico A. Giorgi for 140 000 dollar. Giorgi hadde tidlegare bygt ti meter høge elefantstatuar og løver til den episke filmen Intolerance i 1917.
Rotunden vart innvigd 1. mars 1925 med ein konsert av den engelske alten Maude Elliott. Tilhøyrarane sat på teppe rundt på grasplenen mellom dei tre bassenga og flate markørar av framtidige graver. Staden vart ein turistattraksjon, og vart brukt til fleire konsertar, som òg vart kringkasta over radiostasjonen KELW, eigd av Earl L. White. Berre fem månader etter innviinga vart Osborne og Fitzpatrick arresterte og dømde for svindel. Dei hadde selt dei same gravplassane opptil 16 gonger — med ein gevinst på 3 til 4 millionar dollar ifølgje Los Angeles Times. Dei vart bøtelagde med 12 000 dollar kvar og dømde til ti års fengsel, men sona mindre enn tre år av domen.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |