Vanse | |||
stad | |||
Vanse kyrkje
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Kommune | Farsund | ||
Areal | 1,95 km² | ||
Folketal | 2 059 (2023) | ||
Folketettleik | 1 056 / km² | ||
Postnummer | 4560 VANSE | ||
Ferdselsårer | 43 463 | ||
Vanse 58°05′53″N 6°41′31″E / 58.09812°N 6.69184°E | |||
Wikimedia Commons: Vanse |
Vanse er ein tettstad i Farsund kommune i Agder med 2 059 innbyggjarar per 1. januar 2023. Vanse ligg på Listahalvøya, om lag seks kilometer vest for Farsund bysentrum.
I perioden frå 1890-talet til eit stykke ut på 1960-talet reiste tusenvis av listelendingar over Atlanterhavet til Amerika. Dei fleste drog til austkysten, blant anna til New York-området, der dei arbeiddee som hushjelpar, sjøfok og snikkarar. Etter månader eller år, og eitt eller fleire opphald, drog mange av dei heim att. Dette var med å seja preg på Lista.[1]
Brooklyn Square er ei gate på Bryne i Vanse sentrum; mellom fylkesveg 651 og Abraham Berges vei.[2] Gata har namn etter Brooklyn i New York, og er den fyrste offisielle amerikanske adressa i Noreg.[3] Her ligg Trunken, ein butikk som sel amerikanske varer. Han opna 25. desember 2004.[4] Ved sida av Trunken ligg restauranten 8th Avenue, som er inspirert av New York på 50- og 60-talet.[5] Til jul blir gata pynta på amerikansk vis.[6] 29. oktober 2011 blei Farsund kommune vennskapsby med Bay Ridge Neighborhood i Brooklyn i New York.[7]
American festival er ein festival som er blitt halden årleg den siste helga i juni sidan 2007. Han avløyste den tidlegare Listafestivalen. Festivalen er fyrst og fremst ei feiring av det norske Amerika og banda mellom Lista og USA. Han har som målsetnad å visa fram norsk-amerikansk kultur og samtidig setja Farsund og regionen på kartet.[8] Sommaren 2015 vitja 20 000 folk i løpet av festivalhelga.[9] Selvaagparken på Bryne blir også brukt aktivt under festivaldagane.[10]