Varangerbotn | |||
stad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Nesseby | ||
Postnummer | 9820 VARANGERBOTN | ||
Preposisjon | i Varangerbotn | ||
Ferdselsårer | E75 E6 | ||
![]() Varangerbotn 70°10′22″N 28°33′21″E / 70.17279°N 28.5557°E |
Varangerbotn (nordsamisk Vuonnabahta)[1] er ei bygd og administrasjonssenter i Nesseby kommune i Aust-Finnmark i Finnmark fylke. Staden ligg inst i Varangerfjorden.[2] Grunnkrinsen Varangerbotn hadde 341 innbyggjarar den 1. januar 2017.[3]
Europaveg 6 går gjennom staden, medan Europaveg 75 startar her på veg austover mot Vardø.
Under andre verdskrigen skipa okkupasjonsmakta ein fangeleir i Vesterelv.
Dei siste kampane mellom sovjetiske og tyske styrkar i Noreg stod i Varangerbotn den 6. november 1944.[4]
Her ligg Varanger samiske museum (samisk Varjjat Sami Musea). Museet viser samisk kultur i Finnmark. Det består mellom anna av Amtsmannsgammen (med båthus, fartøy og samisk handverk) og Isak Saba-huset, barndomshuset til den første samiske representanten på Stortinget. Han vart vald til på Stortinget for Arbeidarpartiet og sat der frå 1906 til 1912.
Denne geografiartikkelen som har med Finnmark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |