Vardal er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Oppland fylke oppretta som Vardal formannskapsdistrikt i 1837.
1. januar 1861 vart Gjøvik skilt ut frå Vardal som eigen kommune og kjøpstad.[1] Vardal hadde etter delinga 4 114 innbyggjarar, Gjøvik 626.[2]
1. januar 1896 vart ein del av Østre Toten kommune med 49 innbyggjarar overført til Vardal.[2]
1. januar 1900 vart ein ubygd del av Søndre Land kommune overført til Vardal.[2]
1. juli 1921 vart ein del av Vardal med 723 innbyggjarar overført til Gjøvik og på same dato i 1955 vart enno ein del med 1 372 innbyggjarar overført til Gjøvik.[2]
1. januar 1964 vart det meste av Vardal (unntatt Sørligrenda), Biri, Gjøvik og Snertingdal kommunar slegne saman til den nye Gjøvik kommune.[1] Den delen av Vardal som gjekk inn i Gjøvik hadde 9 612 innbyggjarar.[2]
Sørligrenda i Vardal vart slegen saman med Eina, ein del av Gran kommune og Vestre Toten til den nye Vestre Toten kommune. Ved samanslåinga hadde Sørligrenda 87 innbyggjarar.[2]