Vartdal er ein tidlegare kommune i Møre og Romsdal. Kommunen omfatta det geografiske området Vartdalsstranda.
Frå 1837 var området ein del av Ulstein formannskapsdistrikt. 1. januar 1895 vart Vartdalsstrand skilt ut som eigen kommune. Ved opprettinga av kommunen hadde han 736 innbyggjarar. [1] I 1917 vart namnet endra til Vartdal.
I 1964 vart Vartdal slege saman med Hjørundfjord og Ørsta til Ørsta kommune. Ved kommunesamanslåinga hadde Vartdal 1315 innbyggjarar.[2]
No vert nemninga Vartdal brukt, dels om bygda Søre Vartdal, dels om området som tidlegare var Vartdal kommune. Det som SSB kallar Tettstaden Sætre, med 400 innbyggjarar per 1. januar 2023, er ein del av bygda Søre Vartdal.
Folketalsutvikling for tidlegare Vartdal kommune frå 1895 til 1964:
1.1.1895[3] | 1910[4] | 1.12.1920[5] | 1.12.1930[6] | 3.12.1946[6] | 1.1.1951[7] | 1.1.1961[7] | 1.1.1964[3] |
---|---|---|---|---|---|---|---|
736 | 751 | 862 | 942 | 1145 | 1166 | 1315 | 1315 |