Vasavi

Vasavi er eit indoarisk språk tala av bhilfok som skil  seg frå bhili. Det vert hovudsakleg tala i distriktet Dhule i den indiske delstaten Maharashtra og i distriktet Bharuch i delstaten Gujarat. Mindre grupper av talarar kan òg finnast i distrikta Vadodara og Surat i Gujarat og i den sørvestlige delen av Madhya Pradesh. Språket har 1,2 millionar talarar (2002).