Vasconcellea | |
Fjellpapayatre (Carica pubescens) | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Krossblomordenen Brassicales |
Familie: | Papayafamilien Caricaceae |
Slekt: | Vasconcellea A.St.-Hil., 1837 |
Vasconcellea er ei slekt av blomstrande plantar i papayafamilien. Ho omfattar 20 eller 21 artar. Dei fleste av desse var tidlegare rekna til slekta Carica, men er blitt flytta på grunn av genetiske prov. Namnet på slekta er også blitt skrive Vasconcella.
Slekta stammar frå tropisk Sør-Amerika. Plantane i slekta er eviggrøne buskar eller småtre med tjukk stamme. Dei kan bli opptil 5 m høge. Mange har frukt som kan etast, liknande papaya. Nokre av dei er utbreidde kulturplantar i Sør-Amerika.