Vegard Høidalen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. mai 1971 (53 år) Skien kommune |
Idrett | Sandvolleyball |
Tok del i | Sommar-OL 2000, Sommar-OL 2004 |
Vegard Høidalen (fødd 10. mai 1971) er ein norsk volleyballspelar frå Skien. Høidalen har spelt både sandvolleyball og innandørs og representerte Skien Volleyballklubb.[1]
Høidalen tok til å markera seg i internasjonale tevlingar frå 1995.[2] I 1997 vart han europameister i sandvolleyball saman med makkeren Jørre Kjemperud. Dei to vann EM-bronse fire gonger og deltok under sommar-OL 2000 i Sydney. I 2001 vann dei bronse under VM i sandvolleyball.
Vegard Høidalen deltok også i sommar-OL 2004 i Aten saman med Kjemperud, der dei enda på ein niandeplass.[3]
I 2008 vart Vegard Høidalen suspendert frå konkurransar og trening i volleyball. Grunnen var at alle spelarar som er tilknytt Norges Idrettsforbund (NIF) har plikt til å melda frå om kvar dei til ei kvar tid er seg, slik at dei kan kallast inn til dopingkontrollar utan åtvaring på førehand. Høidalen hadde ignorert fire åtvaringar frå NIF om dette, og vart difor utestengt for brot på meldeplikta.[4] Straffa varte i fire månader før Høidalen igjen vart frifunnen i 2009.[5]
Vegard Høidalen har 11 landskampar bak seg i karrieren sin, og er framleis aktiv volleyballspelar.
«Vegard_Høidalen» i Store norske leksikon, snl.no.