Verdscupen i skihopping 1997

Verdscupen i skihopping 1997 omfatta 25 individuelle tevlingar og 1 lagtevling. Turneringa tok til med eit storbakkerenn på Lillehammer den 30. november 1996 og vart avslutta i skiflygingsbakken i Planica i Slovenia 23. mars 1997. Dei 25 individuelle tevlingane fordelte seg på 3 i normalbakkar, 18 i storbakkar og 4 i skiflygingsbakkar.

Primož Peterka frå Slovenia vann den store FIS-premien, han sigra i sju enkeltrenn. Japan hadde det klart beste hopplandslaget, Noregs landslag kneip andreplassen framom Finland.

Individuelt

[endre | endre wikiteksten]
Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Primož Peterka  Slovenia 1402 7
2 Dieter Thoma  Tyskland 1208 4
3 Kazuyoshi Funaki  Japan 1018 4
4 Takanobu Okabe  Japan 941 3
5 Hiroya Saitō  Japan 923 1
6 Andreas Goldberger  Austerrike 817
7 Kristian Brenden  Noreg 793 1
8 Janne Ahonen  Finland 734
9 Jani Soininen  Finland 657
10 Adam Małysz  Polen 612 2
11 Lasse Ottesen  Noreg 545
12 Ari-Pekka Nikkola  Finland 464
13 Roar Ljøkelsøy  Noreg 462
14 Mika Laitinen  Finland 440
15 Andreas Widhölzl  Austerrike 401 1
16 Espen Bredesen  Noreg 384
17 Noriaki Kasai  Japan 351
18 Nicolas Dessum  Frankrike 328
19 Martin Höllwarth  Austerrike 293 1
20 Ville Kantee  Finland 255
21 Jakub Sucháček  Tsjekkia 242
22 Sturle Holseter  Noreg 234
23 Hansjörg Jäkle  Tyskland
Jaroslav Sakala  Tsjekkia 219
25 Akira Higashi  Japan 211 1