Verdscupen i skiskyting 2000

Verdscupen i skiskyting 2000 tok til 2. desember 1999 og vart avslutta 19. mars 2000. Turneringa omfatta 25 individuelle tevlingar for begge kjønn. Renna fann stad i Hochfilzen i Austerrike, Pokljuka i Slovenia, Osrblie i Slovakia, Oberhof og Ruhpolding i Tyskland, Antholz i Italia, Östersund i Sverige, Oslo i Noreg.Lahti i Finland og Khanty-Mansijsk i Russland.

Dei mannlege utøvarane tevla i fire 20 km normalprogram, åtte stk 10-kilometer sprint, ni jaktstartar à 12,5 km og fire 15 km fellesstart. I tillegg vart det arrangert seks stafettar over 4 x 7,5 km. Franskmannen Raphaël Poirée vann turneringa, framom norske Ole Einar Bjørndalen. Fjorårsvinnar Sven Fischer frå Tyskland vart tredjemann.

Dei kvinnelege utøvarane tevla i fire 15 km normalprogram, åtte stk 7,5 km sprint, ni jaktstartar à 10 km og fire 12,5 km fellesstart. I tillegg vart det arrangert sju stafettar over 4 x 7,5 km. Magdalena Forsberg frå Sverige sigra for fjerde året i rad, som året før framom Olena Zubrilova frå Ukraina. Frankrikes Corinne Niogret la beslag på tredjeplassen.

Individuelt

[endre | endre wikiteksten]
Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Raphaël Poirée  Frankrike 470 3
2 Ole Einar Bjørndalen  Noreg 448 5
3 Sven Fischer  Tyskland 434 2
4 Pavel Rostovtsev  Russland 384
5 Frank Luck  Tyskland 379 1
6 Frode Andresen  Noreg 376 6
7 Vadim Sasjurin  Belarus 338 1
8 Ricco Gross  Tyskland 316 2
9 Peter Sendel  Tyskland 305
10 Wolfgang Rottmann  Austerrike 304 1
11 Halvard Hanevold  Noreg 288 2
12 Vladimir Dratsjov  Russland 275 1
13 Vesa Hietalahti  Finland 250
14 Ludwig Gredler  Austerrike 218
15 René Cattarinussi  Italia 198 1
16 Marco Morgenstern  Tyskland 189
17 Olegs Maluhins  Latvia 184
18 Viktor Majgurov  Belarus 183
19 Paavo Puurunen  Finland 179
20 Ilmārs Bricis  Latvia 163
21 Wolfgang Perner  Austerrike 155
22 Carsten Heymann  Tyskland 153
23 Oleksij Ajdarov {  Belarus 136
24 Tomasz Sikora  Polen 130
25 Petr Garabík  Tsjekkia 126

Individuelt

[endre | endre wikiteksten]
Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Magdalena Forsberg  Sverige 510 3
2 Olena Zubrilova  Ukraina 424 6
3 Corinne Niogret  Frankrike 411 2
4 Galina Kukleva  Russland 389 3
5 Andrea Henkel  Tyskland 378 2
6 Svetlana Isjmuratova  Russland 371
7 Martina Zellner  Tyskland 353 2
8 Uschi Disl  Tyskland 349 1
9 Olena Petrova  Ukraina 319
10 Katrin Apel  Tyskland 286
11 Svetlana Tsjernusova  Russland 273
12 Nathalie Santer  Italia 237 1
13 Martina Glagow  Tyskland 208 2
14 Irina Nikultsjina  Bulgaria 203
15 Pavlina Filipova  Bulgaria 200
16 Gunn Margit Andreassen  Noreg 198
17 Anna Murínová  Slovakia 188
18 Florence Baverel  Frankrike 184
19 Albina Akhatova  Russland 179
20 Olga Pyljova  Russland 177
21 Liv Grete Skjelbreid  Noreg 172 2
22 Andreja Grašič  Slovenia 171
23 Katja Beer  Tyskland 166
24 Gro Marit Istad  Noreg 161 1
25 Yu Shumei  Kina 160