Verdscupen i skiskyting 2003

Verdscupen i skiskyting 2003 tok til 5. desember 2002 og vart avslutta 23. mars 2003. Turneringa omfatta 23 individuelle tevlingar for begge kjønn. Renna fann stad i Östersund i Sverige (i to vender), Pokljuka i Slovenia, Osrblie i Slovakia, Oberhof og Ruhpolding i Tyskland, Antholz i Italia, Lahti i Finland, Oslo i Noreg og vart avslutta med verdsmeisterskapen i Khanty-Mansijsk i Russland.

Dei mannlege utøvarane tevla i tre 20 km normalprogram, ni stk 10-kilometer sprint, sju jaktstartar à 12,5 km og fire 15 km-lange fellesstartar. I tillegg vart det arrangert åtte stafettar over 4 x 7,5 km. Norske Ole Einar Bjørndalen gjekk til topps i turneringa for andre gong, fem år etter den forrige triumfen. Vladimir Dratsjov, som no representerte Belarus, kom på andreplass, medan tyske Ricco Gross la beslag på tredjeplassen.

Dei kvinnelege utøvarane tevla i tre 15 km normalprogram, ni stk 7,5 km sprint, sju jaktstartar à 10 km og fire fellesstartar à 12,5 kilometer. I tillegg vart det arrangert åtte stafettar over 4 x 6 km. Tyske Martina Glagow sikra seg fyrsteplassen i verdscupen, i hard kamp med nummer 2 og 3, høvesvis russiske Albina Akhatova og franske Sylvie Becaert.

Individuelt

[endre | endre wikiteksten]
Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Ole Einar Bjørndalen  Noreg 737 11
2 Vladimir Dratsjov  Belarus 630 3
3 Ricco Gross  Tyskland 613 1
4 Raphaël Poirée  Frankrike 591 2
5 Halvard Hanevold  Noreg 553 1
6 Frode Andresen  Noreg 486 1
7 Sergej Tsjepikov  Russland 466
8 Oleg Ryzjenkov  Belarus 451
9 Tomasz Sikora  Polen 442
10 Sven Fischer  Tyskland 440 1
11 Stian Eckhoff  Noreg 432
12 Pavel Rostovtsev  Russland 366
13 Egil Gjelland  Noreg 365
14 Vincent Defrasne  Frankrike 362
15 Christoph Sumann  Austerrike 340
16 Zdeněk Vítek  Tsjekkia 338
17 Frank Luck  Tyskland 291
18 Ilmārs Bricis  Latvia 290
19 Sergej Rozjkov  Russland 281
20 Julien Robert  Frankrike 252
21 Peter Sendel  Tyskland 250
22 René Cattarinussi  Italia 249
23 Janez Marič  Slovenia 219 1
24 Wolfgang Perner  Austerrike 207
25 Marko Dolenc  Slovenia 206

Individuelt

[endre | endre wikiteksten]
Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Martina Glagow  Tyskland 729 2
2 Albina Akhatova  Russland 699 2
3 Sylvie Becaert  Frankrike 680 1
4 Jekaterina Dafovska  Bulgaria 644 4
5 Olena Zubrilova  Ukraina 634 1
6 Sandrine Bailly  Frankrike 570 2
7 Uschi Disl  Tyskland 535 1
8 Kateřina Holubcová  Tsjekkia 523 1
9 Svetlana Tsjernusova  Russland 465
10 Olga Pyljova  Russland 463 1
11 Svetlana Isjmuratova  Russland 463
12 Katja Beer  Tyskland 445 1
13 Kati Wilhelm  Tyskland 429 2
14 Gunn Margit Andreassen  Noreg 391
15 Sanna-Leena Perunka  Finland 366
16 Corinne Niogret  Frankrike 361
17 Andrea Henkel  Tyskland 344
18 Linda Tjørhom  Noreg 340 1
19 Olga A. Zajtseva  Russland 296 2
20 Katrin Apel  Tyskland 296
21 Simone Denkinger  Tyskland 294
22 Pavlina Filipova  Bulgaria 269
23 Galina Kukleva  Russland 268 2
24 Anna Bogalij-Titovets  Russland 229
25 Michela Ponza  Italia 226