Vidar Helgesen | |||
Vidar Helgesen Foto: Line Håland Aaltvedt / Noreg sin delegasjon til EU | |||
Fødd | 21. november 1968 (56 år) Bodø | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | Diplomat | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Verv | Norsk klima- og miljøminister 16. desember 2015–17. januar 2018 | ||
Føregangar | Tine Sundtoft | ||
Etterfylgjar | Ola Elvestuen | ||
Verv | Norsk EØS- og EU-minister 16. oktober 2013–16. desember 2015 | ||
Føregangar | Ministerpost oppretta | ||
Etterfylgjar | Elisabeth Aspaker | ||
Verv | Statsråd ved Statsministerens kontor 16. oktober 2013–16. desember 2015 | ||
Føregangar | Karl Eirik Schjøtt-Pedersen | ||
Etterfylgjar | Elisabeth Aspaker | ||
Verv | Statssekretær i Utanriksdepartementet 2001–2005 | ||
Alle verv |
|
Vidar Helgesen (fødd 21. november 1968 i Bodø) er ein norsk diplomat og politikar (H). Han var norsk klima- og miljøminister i regjeringa Solberg frå 2015 til 2018.[1] Frå 16. oktober 2013 til 2015 var han statsråd og stabssjef ved Statsministerens kontor i regjeringa Solberg med ansvar for EØS-saker og Noregs tilhøve til EU.[2]
Han var medlem av sentralstyra i Noregs Gymnasiastsamband 1987–1989 og Unge Høgre 1989–1991, og leia Operasjon Dagsverk 1987–1988. Ein periode var han og nestleiar i Oslo Unge Høgre. I 1994 leia han Høgre sin kampanje før folkerøystinga om EU i 1994. Helgesen var redaktør for boka Partiet, makten og staten frå 1995 og redaksjonssekretær i Tidens tegn 1996–1998.
Helgesen er særleg opptatt av menneskerettar, flyktningproblematikk, fredsmekling, forsoningsprosessar samt FN-politikk. Han var spesialrådgjevar i det internasjonale Røde Kors i Genève 1998–2001 og statssekretær i Utanriksdepartementet 2001–2005 samt generalsekretær i International Institute for Democracy and Electoral Assistance (IDEA) i Stockholm 2005–2013.
Helgesen har anar frå Gildeskål kommune i Nordland, vart fødd i Bodø, og voks opp på Nøtterøy i Vestfold.[3][4] Han er cand.jur. frå Universitetet i Oslo frå 1998, og praktiserte som advokatfullmektig i Wiersholm, Mellbye & Bech i Oslo i 2001. I 1999 vart han teken opp til Utanriksdepartementets aspirantkurs.[5] Han har publisert fleire artiklar om folkerett og fredsmekling.