Vikeså | |||
tettstad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Rogaland | ||
Kommune | Bjerkreim | ||
Areal | 0,95 km² | ||
Folketal | 1 021 (2023) | ||
Folketettleik | 1 075 / km² | ||
Postnummer | 4389 VIKESÅ | ||
Vikeså 58°38′00″N 6°06′00″E / 58.6333°N 6.1°E |
Vikeså er administrasjonssenter i Bjerkreim kommune, sør i Rogaland fylke. Vikeså ligg attmed Europaveg 39 eit par mil sør for Ålgård. Tettstaden har 1 021 innbyggjarar per 1. januar 2023.
FN-parken ligg attmed E39 sør på Vikeså (58°37′46″N 6°05′01″E / 58.629540°N 6.083645°E), med ein bauta til minne over den første norske soldaten som omkom i FN-teneste.[1] Berre 20 år gamal vart Anbjørn Ingolf Gjedrem drepen av bajonettstikk 15. desember 1957 av ukjende inntrengjarar i Rafah-leiren, der han tenestegjorde for DANOR III-bataljonen til UNEF.[2] Tidlegare FN-ambassadør Ole Ålgård stod for avdukinga av minnebautaen, som vart reist av Rogaland FN-veteranforening, på FN-dagen i 1994. I 2005 vart der reist åtte miniatyrbautaer over dei andre frå Rogaland som har omkome i FN-teneste.