Vikingfjord | |||
Foto: Jarvin | |||
Skipa | 1980 (1996) | ||
---|---|---|---|
Eigar | Arcus AS | ||
Land | Noreg | ||
Produkt | Vodka | ||
Nettstad | http://www.arcus.no |
Vikingfjord er eit norsk vodkamerke som vart lansert i Noreg på 1980-talet av Vinmonopolet. Vikingfjord har ein vassklår let, og har ein nøytral aroma.
Polet ynskja å få til eit norsk alternativ til alle dei utanlandske vodkaane. Han vart likevel ikkje ein suksess før Arcus tok over merkevaren i 1996. Produktet fekk eit nytt design og ei ny oppskrift. Flaskedesignet skal gjeva assosiasjonar til reint norsk vatn frå isbredar. Og flaska har slått an, ho har vunne i gull i Mobius Design Award.[1] Ho har òg motteke utmerkinga Merket for god design som vart delt ut av Norsk Designråd.
Vikingfjord er truleg den einaste vodkaen som vert tilsett vatn frå ein isbrede når han skal blandast ned til rett alkoholinnhald. Spriten, som vert laga av jordeple frå området rundt Mjøsa, har eit alkoholinnhald på omtrent 96 %, før det vert tilsett smeltevatn frå Briksdalsbreen, som er ein arm av Jostedalsbreen, Noreg sin største isbrede. Smeltevatnet renn naturleg ned ei kjelde, der det vert henta, og dernest tilsett i spriten.
Vikingfjord vart i 2001 lansert i Sverige og Tyskland. Litt seinare vart han òg lansert i USA. Vikingfjord vart kåra til årets vodkaprodusent i 2016 av The International Wine and Sprit Competition (IWSC).[2]