Viljo Revell | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 25. januar 1910 Vasa |
Død |
8. november 1964 (54 år) |
Yrke | arkitekt |
Språk | finsk |
Viljo Revell på Commons |
Viljo Revell (25. januar 1910–8. november 1964) var ein finsk arkitekt. Revell er eit av dei store namna i finsk arkitektur, og han oppnådde òg stor internasjonal heider. Rådhuset i Toronto i Canada er det meste kjende verket hans utanfor Finland.
Revell gjekk ut frå gymnaset i Vasa i 1928 og vart ferdig arkitekt frå Tekniska högskolan i Helsingfors i 1937. I 1941 gifta han seg med Maire Myntti, og dei fekk tre døtrer som vart fødd 1942, 1943 og 1945.