Vinderen er eit strøk i bydelen Vestre Aker nordvest i Oslo. Vinderen ligg heilt sør-aust i bydelen, omkring 10 minutt unna Blindern i Nordre Aker. Strøket er primært eit bustadstrøk og har mange villaer. T-bana har ein stoppestad her, Vinderen stasjon, som ligg på Holmenkollbanen.