Vingardssundagen

Vingardssundagen, før kalla septuagesima, av latin, 'den syttiande dagen', er i Den norske kyrkja den tredje siste sundagen i openberringstida (tida mellom jul og faste). Før liturgirevisjonen 1977/78 var septuagesima den niande sundagen før påske, eller den andre sundagen før fastelavn.

Dagen vert kalla «vingardssundagen» fordi evangeliet som vert lese i kyrkja, er henta frå forteljingane om dei som arbeider i vingarden.