Vinyl Confessions Studioalbum av Kansas | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Juni 1982 | |
Innspelt | Seint 1981, tidleg 1982 | |
Studio | Chateau Recorders i North Hollywood i California | |
Sjanger | Progressiv rock, arenarock | |
Lengd | 43:20 | |
Selskap | Kirshner/CBS, Epic | |
Produsent | Kansas, Ken Scott | |
Kansas-kronologi | ||
---|---|---|
Audio-Visions (1980) |
Vinyl Confessions | Drastic Measures (1983)
|
Singlar frå Vinyl Confessions | ||
|
Vinyl Confessions er det åttande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Kansas, gjeve ut i 1982. Det inneheld singelen «Play the Game Tonight», som nådde topp 20 og vart den tredje høgaste listeplasseringa til Kansas i USA, berre forbigått av «Carry on Wayward Son» og «Dust in the Wind».[1]
Vinyl Confessions var eit stort vendepunkt for bandet. Etter at både gitaristen og klaverspelaren Kerry Livgren og bassisten Dave Hope var blitt frelst, og Livgren fokuserte på kristne tekstar, gjekk ikkje songaren Steve Walsh med på den nye retninga til bandet og slutta for å skipe sitt eige band, Streets.[2] Walsh hadde medverka mykje som låtskrivar, så bandet måtte finne ein ny songar som ikkje berre hadde ein vokalstil som kunne passe musikken til bandet, men som òg kunne bidra med songar til det komande albumet. Etter ein lang prosess stod valet mellom tre kandidatar: Warren Ham, Michael Gleason og John Elefante. Valet fall til slutt på Elefante.[2]
«Fair Exchange» skildra verda som regjert av antikrist, medan «Chasing Shadows» peikte på frustrasjonen ved å søkje etter noko anna enn den bibelske sanninga. «Diamonds and Pearls» la vekt på andeleg rikdom over økonomisk rikdom, medan «Face It», «Windows» og «Borderline» all hadde sterke evangeliske trekk.
Vinyl Confessions vart lagt merke til av den gryande CCM-industrien (Contemporary Christian music). Fleire kristne magasin hylla den nye musikalske retninga til Kansas og CCM Magazine kåra Vinyl Confessions til årets album i 1982.[2] Denne merksemda gav Kansas eit heilt nytt publikum, men det skapte òg ytterlegare strid i bandet. Dette kom fram under innspelinga av det neste albumet deira, Drastic Measures.[2]
Vinyl Confessions var det siste albumet med fiolinisten og vokalisten Robby Steinhardt, som slutta i bandet etter den påfølgjande turneen og kom ikkje attende før i 1997.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [3] |
Melodic.net | [2] |
Allmusic anerkjende suksessen til singelen «Play the Game Tonight», men var elles negativ til plata. Dei kritiserte dei kristne tekstane som «ofte for dømande, med ein oss-mot dei-haldning», og insinuerte at albumet var meir generisk poprock enn dei tidlegare Kansas-albuma. Dei skreiv «det byrja å bli vanskeleg å skilje Kansas frå Foreigner og Journey».[3]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Play the Game Tonight» | Kerry Livgren, Rich Williams, Phil Ehart, Danny Flower, Rob Frazier | 3:26 |
2. | «Right Away» | John Elefante, Dino Elefante | 4:06 |
3. | «Fair Exchange» | Livgren | 5:01 |
4. | «Chasing Shadows» | J. Elefante, D. Elefante | 3:20 |
5. | «Diamonds and Pearls» | Livgren | 4:50 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Face It» | J. Elefante, D. Elefante | 4:17 |
7. | «Windows» | Livgren | 3:32 |
8. | «Borderline» | Livgren | 4:00 |
9. | «Play On» | J. Elefante, Livgren | 3:32 |
10. | «Crossfire» | Livgren | 6:35 |
|
|