Virgin Prunes | |||
![]() | |||
Aktiv | 1977–1987 | ||
---|---|---|---|
Sjanger | pønkrock | ||
Plateselskap | Rough Trade |
Virgin Prunes var eit irsk eksperimentelt rockeband skipa i 1977. Det blei oppløyst i 1986 etter at songaren Gavin Friday forlet bandet. Dei andre medlemmane heldt fram som The Prunes fram til dei blei oppløyste i 1991.
Bandet blei danna i 1977 i Dublin i Irland av vokalistane Guggi (Derek Rowen), Gavin Friday (Fionan Hanvey) og Dave-iD Busaras, gitaristen Dik Evans (bror til The Edge i U2), bassisten Strongman (Trevor Rowen, bror til Guggi) og trommespelaren Pod (Anthony Murphy).[1] Pod blei seinare erstatta av Haa-Lacka Binttii (Daniel Figgis). Mary D'Nellon (David Kelly) spelte seinare perkusjon (1981–1984) og gitar (1984–1986).
Gruppa bygde seg snart opp eit rykte og ein tilhengjarskare for dei utagerande sceneshowa sine. Bandet hamna også ofte i bråk med meir tradisjonelle rockarar som ikkje sette pris på graden av annleisheit dei førte med seg. Gruppa heldt konsertar i og rundt Dublin. Ho skreiv platekontrakt med Rough Trade Records,[1] og gav ut sin fyrste singel Twenty Tens,[2] på sitt eige merke, Baby Records (distribuert av Rough Trade) den 8. januar 1981.[2][3][4][5][6] Gruppa platedebuterte i 1982 med albumet ...if I die, I die. Denne plata blir rekna som ei av dei mest tilgjengelege frå Virgin Prunes. Albumet kom ut etter at ho hadde gitt ut sju singlar og eit bokssett med to singlar og fem hefte.
Bandet fekk problem med å spela inn andrealbumet sitt, Sons Find Devils, takka vera eit hard turnéprogram og utskiftingar av bandmedlemmer. Tittelen blei likevel brukt på ein video som kom i 1985, med gammalt materiale og live-opptak..Same året blei det òg gjeve ut eit album med gamle raritetar.
Det nye albumet kom fyrst ut i 1986, då med tittelen The Moon Looked Down and Laughed. Same år vedtok Gavin Friday, den kreative krafta til bandet, å slutta. Gruppa blei oppløyst året etter med ein liten notis på livealbumet The Hidden Lie.
Dette er albuma bandet gav ut medan det framleis var aktivt. I tillegg har albuma og alle singlane blitt relanserte i fleire former og format.