«Visions of Johanna» Song av Bob Dylan frå albumet Blonde on Blonde | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 16. mai 1966 | |
Innspelt | 14. februar 1966 | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 7:30 | |
Selskap | Columbia | |
Komponist | Bob Dylan | |
Tekstforfattar | Bob Dylan | |
Låtskrivar(ar) | Bob Dylan | |
---|---|---|
Produsent | Bob Johnston |
«Visions of Johanna» er ein song av Bob Dylan frå albumet Blonde on Blonde frå 1966. Songen vert av mange rekna som ein av dei beste Dylan-songane og Dylan sjølv har kalla songen ein av sine favorittar med ein «tynn, vill kvikksølvlyd»[1] Songen er rangert på 413. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.
Det har vore mange spekulasjonar om kva songen handlar om. Mike Marqusee skildrar songen som Dylan si «definitive handsaming om det å vere stranda».
While my conscience explodes
Bob Dylan
|
Songen heitte opphavleg «Seems Like a Freeze Out» og tidlege innspelingar frå New York finst på bootlegplater. Desse har mykje raskare tempo og eit femte vers med ei anna tekstlinje. To versjonar i seinare tempo vart spelte inn i New York, ein med ein marsjliknande takt (som finst på No Direction Home-soundtracket) og ein annan med eit meir vanleg tempo. Den endelege plateutgåva vart spelt inn i Nashville.
Det finst to konsertutgåver av songen frå 1966 på plate. Ein av dei på Biograph i 1985 og ein annan frå Manchester Free Trade Hall-konserten, som finst på fjerdevolumet av Bootleg Series.
Det er skrive to norske tekstar til songen. Den førte vart skriven av Jan Erik Vold og kalla «Syner av Joanna». Denne vart framført av Jan Erik Vold, Kåre Virud og Telemark Blueslag på albumet Stein. Regn i 1981.
Ein nynorsk tekst vart skriven og framført av Tom Roger Aadland på albumet Blondt i blondt i 2016. Denne songen heitte «Visjonar av Johanna».
414: «We've Only Just Begun» The Carpenters |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 413 «Visions of Johanna» Bob Dylan |
412: «Umbrella» Rianna feat. Jay-Z |