Vågaholmen | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommune | Rødøy | ||
Postnummer | 8185 VÅGAHOLMEN | ||
Preposisjon | på Vågaholmen | ||
Ferdselsårer | 831, Nordlandsekspressen | ||
Vågaholmen 66°42′49″N 13°17′15″E / 66.7136°N 13.2875°E |
Vågaholmen er ei bygd og administrasjonssenteret i Rødøy kommune i Nordland. Bygda ligg på nordsida av Tjongsfjorden.
Bortsett frå kommunehuset finst det ikkje mange andre fasilitetar på Vågaholmen. Skular og barnehagar har vorte plassert andre stader. Men her finst båthamn som vert nytta av snøggbåtruta Nordlandsekspressen to gonger dagleg. Her finst òg ein bankfilial som høyrer til Helgeland Sparebank, byggjevarebutikk og daglegvarehandel, samt ein kafé.