Walk into Light Studioalbum av Ian Anderson | ||
Utgjeve | 18. november 1983 UK 5. desember 1983 US | |
Innspelt | Våren og sommaren 1983 | |
Sjanger | Elektronisk rock, kunstrock | |
Lengd | 38:29 | |
Selskap | Chrysalis | |
Produsent | Ian Anderson | |
Ian Anderson-kronologi | ||
---|---|---|
Walk into Light | Divinities: Twelve Dances with God (1995)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Walk Into Light er det første soloalbumet til frontmannen i Jethro Tull, Ian Anderson, utgjeve i 1983.
Albumet A var opphavleg meint som eit soloalbum av Anderson, men plateselskapet ynskte heller at det skulle gjevast ut som eit Jethro Tull-album. Anderson får mykje hjelp av klaverspelaren i Jethro Tull på denne tida, Peter-John Vettese, på dette albumet, og trass i at det er eit soloalbum er dette albumet faktisk eit av dei mest samarbeidsprega Anderson har gjeve ut. Vettese var medlåtskrivar på fem songar og hadde ein sterk påverknad på stilen og lydbiletet på albumet.
Den repeterande melodien på opningssporet, «Fly By Night», vart seinare nytta som hovudelementet i den originale kjenningsmelodien til TV-serien All Saints i 1983, utan at Anderson vart kreditert for det.
I følgje Allmusic var det vanskeleg å høyre skilnad mellom dette albumet og Jethro Tull-albuma som kom ut i 1980-åra.[1]
Alle songar er skrivne av Ian Anderson og Peter-John Vettese, bortsett frå der anna er nemnd.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Fly by Night» | 3:53 | |
2. | «Made in England» | 5:00 | |
3. | «Walk into Light» | Anderson | 3:11 |
4. | «Trains» | 3:21 | |
5. | «End Game» | Anderson | 3:20 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Black and White Television» | Anderson | 3:37 |
7. | «Toad in the Hole» | Anderson | 3:24 |
8. | «Looking for Eden» | Anderson | 3:43 |
9. | «User-Friendly» | 4:01 | |
10. | «Different Germany» | 5:24 |