Wembley Conference Centre | |||
Arkitekt | Richard Seifert | ||
---|---|---|---|
Opna | 31. januar 1977 | ||
Wembley Conference Centre 51°33′26″N 0°17′05″W / 51.5572°N 0.2847°W |
Wembley Conference Centre var eit konferansesenter som låg i Wembley Park i London og eksisterte frå 1977 til 2006.
Utover i 1970-åra dukka fleire moderne fleirbruksarenaar opp i dei største byane i England. Blant dei var Wembley Conference Centre, som blei teikna av Richard Seifert for selskapet British Electric Traction Company. Arbeidet med bygginga starta i mai 1973, og senteret blei opna av Edward, hertugen av Kent, den 31. januar 1977. Hovudsalen, kalla Grand Hall, hadde plass til 2500 publikummarar.[1][2][3][4][5] Eurovision Song Contest 1977 var eit av dei første store arrangementa som blei halde i senteret.[6]
Konferansesenteret var del av eit større utviklingsprosjekt i området. Ved sida av senteret opna Greenwich Rooms and Elvin House, ein futuristisk, triangelforma kontorbygning på 722 kvadratmeter,[7] og Wembley Exhibition Centre.[8]
Opninga av konferansesenteret og utstillingshallen auka talet besøkande til Wembley Park, og den nærliggjande togstasjonen, Wembley Hill, blei døypt om til Wembley Complex i mai 1978.[9] I 1987 blei stasjonen døypt om til Wembley Stadium.
Då Wembley Stadium og områda rundt stadionet skulle byggjast om i 2006, blei konferansesenteret rive for å gje plass til utbygginga.[10]