White Room Singel av Cream frå albumet Wheels of Fire | ||
B-side |
«Those Were the Days» | |
---|---|---|
Utgjeve | Januar 1969[1] | |
Innspelt | Juli 1967-april 1968 i Atlantic Studios i New York City | |
Sjanger | Psykedelisk rock, hardrock | |
Lengd | 4:56 (album) 3:04 (singel)[1] | |
Selskap | Polydor | |
Tekstforfattar | Jack Bruce | |
Låtskrivar(ar) | Jack Bruce Pete Brown | |
Produsent | Felix Pappalardi | |
Cream-kronologi | ||
«Sunshine of Your Love» (1968) |
White Room | «Crossroads» (1969)
|
«White Room» er ein song med tekst av Pete Brown[2] og musikk av Jack Bruce. Songen vart spelt inn av Cream og henta som singel frå albumet Wheels of Fire i 1968.
Etter at bassist Jack Bruce skreiv gitarparten, skreiv tekstforfattaren Pete Brown ein tekst med fargerike fire fire-stavingar lange uttrykk, laust basert på bilete av ein som ventar på ein engelsk jernbanestasjon påverka av dopet han har teke. «White Room» er kjend for den uvanlege 5/4-takten i introduksjonen og mellomspelet, triolane spelt på tam-tamane av Ginger Baker og den tornande basstrommene. «White Room» er òg kjend som det beste dømet på gitarist Eric Clapton sin bruk av Vox Clyde McCoy Picture Wah i mellomspelet og den lengre soloen.
Cream
I tillegg
I lag med «Sunshine of Your Love» og «Crossroads», er «White Room» ein av dei mest kjende songane til Cream, og nådde sjetteplass i USA i 1968[3] og 28. plass i Storbritannia i 1969.[4]
«White Room» vart plassert på 367. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.
Songen er spelt av mange andre artistar
377: «Personal Jesus» Depeche Mode |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 376 «White Room» Cream |
375: «How Deep Is Your Love» The Bee Gees |