Wichita Lineman Singel av Glen Campbell frå albumet Wichita Lineman | ||
B-side |
«Fate of Man» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Oktober 1968 | |
Innspelt | 27. mai-14. august 1968, Capitol Records i Hollywood i California | |
Sjanger | country, pop | |
Lengd | 3:05 | |
Selskap | Capitol 2302 | |
Komponist | Jimmy Webb | |
Tekstforfattar | Jimmy Webb | |
Låtskrivar(ar) | Jimmy Webb | |
Produsent | Al De Lory | |
Glen Campbell-kronologi | ||
«Gentle on My Mind» (1968) |
Wichita Lineman | «Galveston» (1969)
|
«Wichita Lineman» er ein song skriven av den USA-amerikanske låtskrivaren Jimmy Webb i 1968. Han vart først spelt inn av den amerikanske countryartist Glen Campbell og sidan blitt spelt inn av mange andre artistar. Versjonen til Campbell, som først kom ut på albumet med same namn frå 1968, nådde tredjeplassen på poplista i USA og låg inne på Topp 100 i 15 veker. I tillegg låg songen to veker på toppen av den amerikanske country-lista og seks veker på toppen av adult contemporary-lista.[1] Han selde til gullplate i USA i januar 1969.[2] Songen nådde sjuandeplassen i Storbritannia. I Canada toppa singelen både RPM-lista og country-lista.[3][4]
I 2004 rangerte Rolling Stone songen på 192. plass på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene. Han er blitt kalla «den første eksistensielle countrysongen».[5] Den britiske musikkjournalisten Stuart Maconie kalla songen «den beste popsongen som nokon gong er skriven»;[6] og BBC kalla han «ein av dei sjeldne songane som ser ut til å leve i si eiga verd – ikkje berre tidlaus, men til sjuande og sist utafor moderne musikk».[7]
Jimmy Webb fekk inspirasjon til å skrive teksten då han køyrte gjennom Washita County på landsbygda sørvest i Oklahoma. På den tida var telefonselskapa eigd av fylket og reparatørane var fylkestilsette. På veg vestover langs ein bein veg inn i solnedgangen, køyrte Webb forbi det som såg ut som ei endelaus linje av telefonstolpar. Så såg han langt borte silhuetten av ein einsam reparatør i toppen av ein stolpe. Han skildra «bilete på einsemd». Webb sette så «seg sjølv på toppen av stolpen og sette telfonen i handa på seg sjølv» medan han lurte på kva reparatøren sa til personen i andre enden.[8] Glen Campbell sa vidare til Dallas Observer at Webb skreiv songen om det første kjærleiksforholdet med ei kvinne som gifta seg med ein annan.[8]
Den faktiske songteksten nemner namnet «Wichita» i staden for Washita. Campbell sa det var fordi «Wichita kling betre.» Musikarane på innspelinga var Campbell, Al Casey og James Burton (gitar), Carol Kaye (bass), Jim Gordon (trommer) og Al De Lory (piano).[9] Orkesterarrangementet vart gjort av De Lory.
Teksten skildrar einsemda som ein linjereparatør føler når han arbeider og lengtar etter kjærasten sin.
Uttrykket «singing in the wire» kan syne til hylinga ein kan høyre når vinden bles gjennom telefonlinjer. Det kan samstundes syne til lydane repartøren høyrer når han lyttar på telefonlinja.[10] Orkesterarrangementet med fiolinar og klaverinstrument etterliknar desse lydane og høyres ut som ein morsekode, og teksten «I can hear you through the whine» syner vidare til desse lydane.
Mange smørsongarar, Tom Jones, Johnny Mathis, Robert Goulet, Andy Williams, Bobby Goldsboro og Englebert Humperdinck har spelt inn songen, dei fleste kort tid etter originalversjonen kom ut. Det var òg mange instrumentale versjonar, mellom anna av José Feliciano. Songen har òg blitt spelt av The Meters, Sergio Mendes & Brasil '66, Kool & The Gang, Urge Overkill,[11] Freedy Johnston, Optiganally Yours, Shawn Lee, Scud Mountain Boys, Blueground Undergrass, James Taylor, R.E.M., The Clouds, Earl Van Dyke, King Harvest, Johnny Cash, Guns N Roses,[12][13][14] Heaven 17 og Stray Dog.
Wade Hayes gav ut ein versjon i august 1997[15] som nådde 55. plassen på den countrylista i USA. Ein tyskspråkleg versjon vart spelt inn av Thomas Fritsch som «Der Draht in der Sonne».[16]
Liste (1968-1969) | Plassering |
---|---|
Australia (Go-Set)[17] | 15 |
Canada (RPM) | 1 |
Canada Country (RPM) | 1 |
Irland (IRMA) | 12 |
New Zealand (RIANZ) | 10 |
Storbritannia (The Official Charts Company) | 7 |
U.S. Billboard Hot Country | 1 |
U.S. Billboard Hot 100 | 3 |
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks | 1 |
Liste (1969) | Plassering |
---|---|
Canada (RPM) | 17 |
Storbritannia (The Official Charts Company) | 56 |
196: «There Goes My Baby» The Drifters |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 195 «Wichita Lineman» Glen Campbell |
194: «Rehab» Amy Winehouse |