Tony Springer | |||
Fødestad | Trinidad og Tobago | ||
---|---|---|---|
Opphav | Canada | ||
Sjanger | Bluesrock | ||
Instrument | Gitarist | ||
Tilknytte artistar | Wild T and the Spirit | ||
Verka som | musikar |
Tony «Wild T» Springer er ein trinidadisk-kanadisk bluesrock-gitarist.
Springer voks opp i Trinidad og Tobago;[1] og spelte med ei rekkje reggae- og calypsoband som tenåring. Springer flytta sidan til Canada og vart medlem av Rough Trade i 1986, fram til dei vart oppløyst i 1988.[2]
I 1990 tok Springer scenenamnet Wild T og skipa sitt eige band, Wild T and the Spirit. Springer var òg gjestemusikar på David Bowie-albumet Black Tie White Noise i 1993.
Wild T & the Spirit hadde fleire besetningar gjennom åra og gav ut fleire album,[3][4] mellom anna Givin' Blood, som vart nominert til Juno-prisen i 1994.[5][6]