Workin' Together Studioalbum av Ike & Tina Turner | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1971 | |
Innspelt | 1970 | |
Sjanger | Poprock, funkrock, bluesrock, soul, R&B | |
Lengd | 34:23 | |
Selskap | Liberty | |
Produsent | Ike Turner | |
Ike & Tina Turner-kronologi | ||
---|---|---|
Come Together (1970) |
Workin' Together | Live in Paris – Olympia 1971 (1971)
|
Workin' Together er eit studioalbum frå 1971 av Ike & Tina Turner på Liberty Records. Det er det andre albumet deira på selskapet, og var òg det mest suksessrike albumet deira til då. Som det førre albumet deira, Come Together, inneheld albumet fleire coverversjonar av rockesongar og nyinnspelte versjonar av tidlegare Ike & Tina-songar, noko dei ofte gjorde. Albumet inneheld den største hitten til duoen, ein funkrockversjon av «Proud Mary», og ein annan populær Ike & Tina-song, «Funkier Than a Mosquita's Tweeter», som Nina Simone seinare spelte inn. Fleire av songane vart skriven av Ike Turner (inkludert ein av «Eki Renrut», som er namnet til Ike Turner baklengs) og «The Way You Love Me» som var ein song dei hadde spelt inn for det første studioalbumet deira i lag, The Soul of Ike & Tina Turner, eit tiår tidlegare.
Alle spor skrivne av Ike Turner, utanom der andre er nemnde
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Workin' Together» | 3:36 |
2. | «(As Long As I Can) Get You Where I Want You» (George Jackson, Raymond Moore) | 2:25 |
3. | «Get Back» (Lennon/McCartney) | 3:15 |
4. | «The Way You Love Me» | 2:38 |
5. | «You Can Have It» | 3:28 |
6. | «Game of Love» | 2:47 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
7. | «Funkier Than a Mosquita's Tweeter» (Alliene Bullock) | 2:40 |
8. | «Ooh Poo Pah Doo» (Jesse Hill) | 3:35 |
9. | «Proud Mary» (John Fogerty) | 4:48 |
10. | «Goodbye, So Long» | 1:56 |
11. | «Let It Be» (Lennon, McCartney) | 3:15 |