Yarim | |||
landsby | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Ibb | ||
Distrikt | Yarim-distriktet | ||
Koordinatar | 14°17′50″N 44°22′49″E / 14.29722°N 44.38028°E | ||
Folketal | 46 964 (2004) | ||
Tidssone | Jemen standardtid (UTC+3) | ||
![]() Yarim 14°17′52″N 44°22′40″E / 14.297777777778°N 44.377777777778°E | |||
Yarim er ein by i Ibb guvernement i Jemen. Han ligg i hjartet av dei jemenittiske fjella, på eit høgslette dominert av massiv og det nærliggande Jabal Sumarah, som stig til 3000 meter over havet.
I antikken var Yarim-området kjernen i Himjar, som styrte over det meste av Sør-Arabia frå kring 115 fvt. til kring 575 evt. Himjaritt-hovudstaden Zafar låg kring 14 km sør for Yarim.
Yarim vart erobra av houthiar i oktober 2014 under Houthi-opprøret i Jemen.[1] Byen var derfor eit mål under Operasjon Decisive Storm.[2]
Namnet syner til fjella der han ligg, og kjem frå verbet ar'ama, som vart til Aram, A'rm, Yareem og Maryama. Desse namna finst på fjellandsbyar i Jemen, Asir og Syria.[3]