Yes Sir, I Can Boogie

«Yes Sir, I Can Boogie»
Song av Baccara
frå albumet Baccara

Land Tyskland, Spania
Språk Engelsk
Utgjeve April 1977 (Tyskland)
November 1977 (Spania)
Sjanger Pop, disco
Lengd 03:02
Selskap RCA Records
Komponist Rolf Soja
Tekstforfattar Frank Dostal
Låtskrivar(ar) Frank Dostal og Rolf Soja
Produsent Rolf Soja

«Yes Sir, I Can Boogie» er ein discolåt frå 1977, framført av den spanske songduoen Baccara. Songen er skriven av Frank Dostal og Rolf Soja og fekk stor kommersiell suksess over heile Europa da han blei gjeven ut. Anslag viser at singelen har seld mellom 15 og 18 millionar eksemplar, noko som gjer han til ein av dei mestseljande singlane med ei kvinnegruppe gjennom tidane.[1][2] «Yes Sir, I Can Boogie» toppa hitlister over heile Europa, blant anna i Storbritannia, Sverige, Tyskland, Irland og på norske VG-lista. Songen har framleis rekorden med flest veker som nummer éin på VG-lista, med 22 veker i 1977 og 1978.[3] Trass i den store suksessen i Europa, nådde «Yes Sir, I Can Boogie» aldri hitlista i USA.

Baccara bestod i 1977 av dei spanske flamencodansarane Mayte Mateos og Maria Mendiola. Dei to blei oppdaga under ei framsyning på den spanske øya Fuerteventura av RCA Records-toppen Leon Deane.

«Yes Sir, I Can Boogie» blei skriven og produsert av tyskarane Frank Dostal og Rolf Soja, og songen blei gjeven ut i Tyskland i april 1977. Samme haust blei songen gjeven ut i resten av Europa.[4] I likskap med resten av Europa, blei også songen ein stor hit i Noreg. Han låg på VG-lista i 30 veker – derav 22 veker på fyrsteplass, om ein inkluderer veke 52, som det ikkje eksisterer noko liste for. «Yes Sir, I Can Boogie» blei avløyst som nummer éin av to andre Baccara-songar: «Sorry, I'm a Lady» og sidan «Darling». Totalt regjerte duoen på toppen av VG-lista i heile 25 veker samanhengjande i 1977 og 1978, noko som ikkje hadde skjedd sidan The Beatles i 1960-åra.[1]

Songen startar med at Baccara-medlemmane pustar og stønnar, før songen går over til å bli ein rein discolåt. I 1999 gav hiphoparen Michael Universal ut ein ny versjon av låten, kalla «Yes Sir I Can Boogie '99». I den nye versjonen rappa Universal versa, mens Baccara song refrenga.[5]

Listeplasseringar

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1977–1978) Høgaste
plassering
 Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[6] 2
 Australia (Kent Music Report)[7] 9
 Belgia Flandern (Ultratop)[6] 1
 Danmark (Tracklisten) 1
 Frankrike (SNEP)[8] 3
 Finland (Suomen virallinen lista)[9] 1
 Irland (Irish Charts)[10] 1
 Italia (FIMI)[11] 13
 Nederland (Singles Top 100)[6] 6
 New Zealand (Recorded Music NZ)[6] 33
 Noreg (VG-lista)[6][12] 1
 Spania (SER)[13] 2
 Storbritannia (Official Chart Company)[14] 1
 Sveits (Schweizer Hitparade)[6] 1
 Sverige (Sverigetopplistan)[6] 1
 Vest-Tyskland (Deutsche Offizielle Charts)[15] 1
  1. 1,0 1,1 Sætre, Eivind M. «Baccara - Yes Sir, I Can Boogie | Sorry, I'm a Lady - GV-musikk.no» (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 22. februar 2018. Henta 22. februar 2018. 
  2. «Frank Dostal – In Memoriam - CIAM». CIAM (på engelsk). 24. april 2017. Henta 22. februar 2018. 
  3. «Du kårer tidenes beste poplåt!». VG (på norsk). Henta 22. februar 2018. 
  4. «Baccara - Yes Sir, I Can Boogie». Discogs (på engelsk). Henta 22. februar 2018. 
  5. «Baccara - Yes Sir, I Can Boogie '99». Discogs (på engelsk). Henta 22. februar 2018. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 Hung, Steffen. «norwegiancharts.com - Baccara - Yes Sir, I Can Boogie». www.norwegiancharts.com. Henta 22. februar 2018. 
  7. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 23. ISBN 0-646-11917-6. 
  8. Lesueur, InfoDisc, Daniel Lesueur, Dominic Durand,. «InfoDisc : Les Chansons (velg B blant Les Artistes og deretter Baccara fra rullegardin-menyen)». www.infodisc.fr (på fransk). Henta 22. februar 2018. 
  9. Timo., Pennanen, (2006). Sisältää hitin : levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972. Otava. ISBN 9789511210535. OCLC 77271443. 
  10. «The Irish Charts – All there is to know (søk Baccara i søkefeltet)». www.irishcharts.ie. Henta 19. februar 2017.  |first1= missing |last1= in Authors list (hjelp)
  11. «I singoli più venduti del 1977». HitParadeItalia (på italiensk). Henta 22. februar 2018. 10. Yes Sir, I Can Boogie - Baccara [#30]
  12. «Yes Sir, I Can Boogie». VG-lista 2018 (på norsk bokmål). Henta 22. februar 2018. 
  13. «Yes Sir, I Can Boogie – Superventas». Listas De Superventas. 12. februar 2010. Arkivert frå originalen 19. februar 2017. Henta 22. februar 2018. 
  14. «Baccara – chart history». Official Charts Company. Henta 22. februar 2018. 
  15. «Offisiell tysk singelliste». Deutsche Offizielle Charts. Henta 22. februar 2018.