Yeti Studioalbum av Amon Düül II | ||
Språk | tysk | |
Utgjeve | 1970 | |
Sjanger | Krautrock, progressiv rock, psykedelisk rock, avantgarde | |
Lengd | 67:49 | |
Selskap | Liberty Records/Repertoire Records | |
Produsent | Olaf Kübler & Amon Düül II | |
Amon Düül II-kronologi | ||
---|---|---|
Phallus Dei (1969) |
Yeti | Tanz der Lemminge (1971)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Piero Scaruffi | [2] |
Yeti er eit dobbeltalbum frå 1970 av det tyske krautrockbandet Amon Düül II. Det kom ut på Liberty Records. Albumet vart produsert av Olaf Kübler og Amon Düül II med Willy Schmidt som lydteknikar. Det inneheld både korte songar og lengre, improviserte stykke. Det britiske magasinet The Wire skildrar Yeti som «ein av hjørnesteinane i karrieren til både Amon Düül og heile krautrock-miljøet», [3] medan Allmusic skriv «det første meisterverket deira, og eit av dei definerande krautrockalbuma».[1]
Den første plata inneheld komponerte songar, og opnar med det lange stykket «Soap Shop Rock». Den andre plata består av lange, improviserte stykke.
Plateomslaget vart teikna av organisten i bandet, Falk Rogner, og er ein collage av mannen med ljåen (tysk: Der Sensenmann) laga av eit bilete av Wolfgang Krischke. Krischke, hadde arbeidd med bandet som lydmann, men døydde av hypotermi medan han var påverka av LSD. Rogner sa: «Då han døydde syns eg det biletet ville vere den perfekte måten å minne han på.»[4][5]
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Soap Shop Rock»
| 13:47 |
2. | «She Came Through the Chimney» | 3:01 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
3. | «Archangels Thunderbird» | 3:33 |
4. | «Cerberus» | 4:21 |
5. | «The Return of Rübezahl» | 1:41 |
6. | «Eye-Shaking King» | 5:40 |
7. | «Pale Gallery» | 2:16 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
8. | «Yeti (Improvisation)» | 18:12 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
9. | «Yeti Talks to Yogi (Improvisation)» | 6:18 |
10. | «Sandoz in the Rain (Improvisation)» | 9:00 |
2001-utgåva på Repertoire Records (REP 4919) inneheld alle songane over på ein enkel CD, i tillegg til to bonusspor som opphavleg var A- og B-sida på ein singel frå 1970.:
Gjester på «Sandoz in the Rain»: