Yitav | |||
moshav | |||
Region | Jordandalen | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Judea- og Samaria-området | ||
Kommune | Bik'at HaYarden | ||
Koordinatar | 31°56′50″N 35°25′23″E / 31.94722°N 35.42306°E | ||
Folketal | 360 (2019)[1] | ||
Grunnlagd | 1970 | ||
• Grunnlagd av | Nahal | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
![]() Yitav 31°56′53″N 35°25′24″E / 31.9481°N 35.4233°E | |||
Yitav (hebraisk skrift יִיטַ"ב, ei forkorting for Yad Yitzhak Tabenkin, hebraisk skrift יד יצחק טבנקין, òg skrive Yeitav) er ei israelsk busetjing og moshav shitufi sør i Jordandalen på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg like nord for Jeriko og vest for den palestinske landsbyen al-Auja og høyrer til Bik'at HaYarden regionale kommune. Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[2]
Han vart grunnlagd som ei Nahal-busetjing i 1970, og vart anerkjent av staten i 1977, og byrja å drive som ein kibbutz. Han vart kalla opp etter Yitzhak Tabenkin, ein av leiarane i den israelske kibbutzrørsla, men vart sidan endra til ein moshav shitufi (men framleis i Kibbutzrørsla). I 2006 hadde han 175 innbyggjarar.
Yitav naturreservat ligg 4 km vest for Yitav og dekkjer kløfta Nahal Yitav (Wadi al-Auja) med kjeldene som ligg her.