Yngaren

Yngaren
innsjø
Land  Sverige
Kart
Yngaren
58°51′05″N 16°35′13″E / 58.851388888889°N 16.586944444444°E / 58.851388888889; 16.586944444444
Wikimedia Commons: Yngaren

Yngaren er ein innsjø i det sørlege Södermanland i Sverige, som ligg ca. 15 km nordvest for Nyköping.

Yngaren er den fjerde største innsjøen i landskapet, med eit overflateareal på 47 km². Innsjøen ligg 19 meter over havet på det sörmländske sjøplatået, langs elva Nyköpingsån (som ved innløpet vert kalla Åkforsån og ved utløpet Skräddartorpsån).[1] Yngaren er djup og har eit rent, næringsrikt vatn og sivkledde breidder.

Tettstaden Björkvik ligg ved innsjøen.

58°51′N 16°35′E / 58.850°N 16.583°E / 58.850; 16.583