You've Got Another Thing Comin' Singel av Judas Priest frå albumet Screaming for Vengeance | ||
B-side |
«Exciter» (live) | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | August 1982 | |
Innspelt | 1982 i Beejay Studios i Coconut Grove i Florida | |
Sjanger | Heavy metal[1] | |
Lengd | 5:07 | |
Selskap | Columbia | |
Komponist | Glenn Tipton, Rob Halford, K. K. Downing | |
Tekstforfattar | K. K. Downing, Rob Halford, Glenn Tipton | |
Låtskrivar(ar) | Rob Halford K.K. Downing Glenn Tipton | |
Produsent | Tom Allom | |
Judas Priest-kronologi | ||
«Hot Rockin'» (1981) |
You've Got Another Thing Comin' | «(Take These) Chains» (1982)
|
«You've Got Another Thing Comin'» er ein song av det britiske heavy metal-bandet Judas Priest. Han vart gjeven ut i 1982 på albumet Screaming for Vengeance og same året på singel. I mai 2006 rangerte VH1 songen på femteplassen på lista si over dei 40 beste metal-songane gjennom tidene.[2] Det vart ein av signaturlåtane til Judas Priet og i lag med «Electric Eye» og «Breaking the Law» faste nummer på konsertane deira. «You've Got Another Thing Comin» vart først framført på opningskonserten under the Vengeance-turneen i Stabler Center i Bethlehem i Pennsylvania, den 26. august 1982 og har blitt spelt kring 673 gonger i alt til og med Epitaph-turneen i 2012.
Songen nådde 67. plassen på Billboard Hot 100 den einaste Judas Priest-singelen som gjekk inn på singellista i USA.[3]
«You've Got Another Thing Comin'» nådd òg 66. plassen i Storbritannia.[4] På den amerikanske Billboard rock-lista nådde songen fjerdeplassen.
Wayne Parry i Associated Press kalla han i lag med «Hell Bent for Leather» og «Living After Midnight» ein av «standardane som andre metal-songane vart målt opp mot».[5] Greg Prato i AllMusic skreiv at songen vart det store gjennombrotet til Judas Priest i USA.[1]
Songen er nytta i fleire videospel, som til dømes Prey; i Grand Theft Auto: Vice City's, Rock Band og Guitar Hero.
Songen er blitt nytta i komediefilmen Bad Teacher frå 2011. Songen er òg nytta i ein episode av Californication.