«You Got Me Rocking» Singel av Rolling Stones frå albumet Voodoo Lounge | ||
Utgjeve | 26. september 1994 | |
Innspelt | Juli til august, november til desember 1993 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:36 | |
Selskap | Rolling Stones/Virgin | |
Låtskrivar(ar) | Jagger/Richards | |
---|---|---|
Produsent | Don Was & The Glimmer Twins | |
Rolling Stones-kronologi | ||
«Love Is Strong» (1994) |
«You Got Me Rocking» | «Out of Tears» (1994)
|
«You Got Me Rocking» er ein song av det engelske rockebandet the Rolling Stones på albumet Voodoo Lounge frå 1994.
Songen vart skriven tidleg i 1993 som ein bluessong. Songen vart etter kvart endra til ein meir streit rockesong i same gate som «Start Me Up».
« | I was a hooker losing her looks; I was a writer can't write another book; I was all dried up dying to get wet; I was a tycoon drowning in debt. |
» |
Innspelinga av «You Got Me Rocking» varte sommaren 1993, og fram til tidleg på vinteren året etter. Songen vart gjeven ut som singel i Storbritannia i september 1994, der han nådde 23. plass.
B-sida var songen «Jump on Top of Me», som til då berre hadde vore gjeven ut på filmmusikken til Prêt-à-Porter.
«You Got Me Rocking» har vorte spelt mykje på konsertar av the Stones i tida etter, og ei utgåve finst på konsertalbumet No Security frå 1999.
Liste (1994) | Plassering |
---|---|
Australia (ARIA)[1] | 64 |
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[2] | 29 |
Nederland (Mega Single Top 100)[3] | 39 |
UK Singles (Official Charts Company)[4] | 23 |
US Bubbling Under Hot 100 Singles (Billboard)[5] | 13 |
US Mainstream Rock (Billboard)[6] | 2 |