You Showed Me Singel av The Turtles frå albumet The Turtles Present the Battle of the Bands | ||
B-side |
Buzz Saw | |
---|---|---|
Utgjeve | Desember 1968 | |
Sjanger | Psykedelisk pop[1] | |
Lengd | 3:16 | |
Selskap | White Whale | |
Låtskrivar(ar) | Jim McGuinn, Gene Clark | |
Produsent | Chip Douglas | |
The Turtles-kronologi | ||
«Elenore» (1968) |
You Showed Me | «House on the Hill» (1969)
|
You Showed Me Song av The Byrds frå albumet Preflyte | ||
Utgjeve | 29. juli 1969 | |
Innspelt | 1964 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 2:05 | |
Selskap | Together | |
Låtskrivar(ar) | Jim McGuinn, Gene Clark | |
---|---|---|
Produsent | Jim Dickson |
«You Showed Me» er ein song skriven av Jim McGuinn og Gene Clark frå The Byrds i 1964.[2] Han vart spelt inn av The Turtles og gav han ut på singel mot slutten av 1968 og vart den siste store hitsingelen deira i USA.[3] Songen er òg blitt spelt av ei rekkje andre artistar, som The Lightning Seeds, Salt-n-Pepa og Lutricia McNeal.[4]
Songen vart skriven av McGuinn og Clark tidleg i 1964 på ei tid då dei spelte som ein duo på The Troubadour og andre viseklubbar i og kring Los Angeles.[2][5] Kritikaren Matthew Greenwald har skildra «You Showed Me» som «ein mollstemt kjærleiksballade», men skreiv òg at «songen har ein nesten Beach Boys-aktig kjensle og endar opp som eit sprudlande stykke stemningspop.»[6] Musikkhistorikaren Richie Unterberger har skrive at «You Showed Me», som mange av songane Clark skreiv i 1960-åra, inneheld ei blanding av dur- og moll-akkordar i ein uventa akkordprogresjon.[3] Han sa òg at songen fortel ei soge om ein kjærast som vert undervist i korleis ein skal elske av ein meir erfaren partner.[3]
Kort tid etter dei skreiv «You Showed Me», skipa McGuinn og Clark ein trio med David Crosby og dei kalla seg The Jet Set.[5] Trioen byrja å øve i World Pacific Studios, rettleia av manageren sin Jim Dickson, og Michael Clarke og Chris Hillman kom etter kort tid inn i gruppa.[7] Dickson fanga mange av øvingane til The Jet Set i World Pacific på lydband og det var på denne tida at demoen av «You Showed Me» vart spelt inn av bandet.[2][8] Songen vart etter kort tid lagt på hylla og dei hadde no endra namn til The Byrds. Songen kom ikkje med på debutalbumet Mr. Tambourine Man.[9][10] Men innspelingane av «You Showed Me» av The Byrds, datert frå 1964, kom ut på arkivalbuma Preflyte, In the Beginning, The Prefylte Sessions og Preflyte Plus.[2][11]
I 1968 vart songen spelt inn av The Turtles på albumet The Turtles Present the Battle of the Bands.[12] Han vart gjeven ut på singel i 1968, nådde sjetteplassen på Billboard Hot 100.[13]
«You Showed Me» vart introdusert for The Turtles av plateprodusent deira og den tidlegare bassisten Chip Douglas, som hadde høyrd Clar, McGuinn og Crosby spele songen på The Troubadour i 1964.[14] Douglas hadde òg framført songen med Clark i 1966, medan han varr medlem av Gene Clark and the Group.[3] Sjølv om songen opphavleg var ganske livleg, spelte Douglas songen for Turtles-vokalistane Howard Kaylan og Mark Volman på eit pumpeorgel med øydelagd belg, slik at han måtte spele songen langsamt.[15] Den meir langsame tempoet imponerte Kaylan og Volman og dei spelte derfor inn songen for The Turtles i dette meir langsame tempoet.
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
You Showed Me Singel av Salt-n-Pepa frå albumet Blacks' Magic | ||
B-side |
«Let's Talk About Sex» Remix | |
---|---|---|
Utgjeve | November 1991 | |
Innspelt | 1990 | |
Sjanger | Hiphop | |
Lengd | 3:23 | |
Selskap | Next Plateau | |
Låtskrivar(ar) | Jim McGuinn, Gene Clark | |
Produsent | The Invincibles, Excalibar | |
Salt-n-Pepa-kronologi | ||
«Let's Talk About Sex» (1991) |
You Showed Me | «Expression (Hard Ecu Edit)» (1992)
|
Salt-n-Pepa spelte inn songen i 1990 på albumet deira, Blacks' Magic. Han kom ut som den femte og siste singelen frå albumet. Songen nådde 15. plassen på den britiske singellista ddå han kom ut på singel der i 1991.[20][21]
Liste (1991–92) | Plassering |
---|---|
Australia (ARIA)[22] | 24 |
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[23] | 13 |
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[24] | 7 |
Finland (Suomen virallinen lista)[25] | 8 |
Frankrike (SNEP)[26] | 17 |
Tyskland (Media Control AG)[27] | 13 |
Irland (IRMA)[28] | 7 |
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[29] | 5 |
New Zealand (RIANZ)[30] | 12 |
Noreg (VG-lista)[31] | 12 |
Sverige (Sverigetopplistan)[32] | 18 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[33] | 15 |
UK Singles (The Official Charts Company)[34] | 15 |
U.S. Billboard Hot 100[35] | 47 |
U.S. Billboard Hot R&B/Hip-Hop Singles & Tracks[35] | 68 |
You Showed Me Singel av The Lightning Seeds | ||
Sjanger | ||
Lengd | 4:09 | |
Låtskrivar(ar) |
---|
I 1997 vart songen spelt i triphopstil[36] av The Lightning Seeds og kom ut på singel. Singelen nådde åttandeplassen på UK Singles Chart[37] og fjerdeplassen på Island. The Lightning Seeds-utgåva vart òg gjeven ut på filmmusikkalbumet Austin Powers: International Man Of Mystery.[36]
Musikkvideoen for «You Showed Me» vart regissert av Pedro Romhanyi.[38]
Liste (1997) | Plassering |
---|---|
Europe (Eurochart Hot 100)[39] | 42 |
Island (Íslenski Listinn Topp 40)[40] | 4 |
Skottland (Official Charts Company)[41] | 13 |
UK Singles (Official Charts Company) | 8 |
The Turtles-utgåva har ein særprega strykeseksjon som vart sampla av U2 i 1997 for songen deira «The Playboy Mansion» på albumet deira Pop.[15]
Den amerikanske hiphopgruppa De La Soul har òg sampla The Turtles-innspelinga av «You Showed Me» for songen deira «Transmitting Live From Mars (Interlude)» i 1989 på albumet deira, 3 Feet High and Rising, men spurte ikkje om løyve til å bruke lydklippet. The Turtles gjekk til sak mot gruppa og saksøkte dei for 1,7 millionar dollar. Saka kom til forlik for ein ukjend sum. Det er sagt at dette var første gongen ein hiphopartist vart saksøkt for uetisk bruk av ein annan artist sin musikk.[3]
Songen er òg blitt covra av Lutricia McNeal i 2002 på albumet hennar, Metroplex.[42] I tillegg har Kanye West basert songen sin «Gorgeous» på albumet My Beautiful Dark Twisted Fantasy frå 2010 på element frå «You Showed Me».[43] I 2011 gav den alternative country-duoen The Watson Twins ut songen på nettsida si.[44] Trinidad Senolia spelte inn songen på EP-en Postcards from Strangers i 2014.[45] Haley Reinhart spelte songen på albumet hennar What's That Sound i 2017.[46] Hugo Montenegro spelte òg inn songen i 1969.[46]