Tidlegare Ytterøy kommune | |
---|---|
Komm.nr. | 1722 |
Fylke | Nord-Trøndelag |
Slått saman med | Levanger kommune |
Dato for samanslåing | 1. januar 1964 |
Adm.senter | |
Areal | 28 km² |
Folketal ved samanslåing | 722 |
Politikk | |
Siste ordførar | Henrik Sandstad (Sp) |
Målform | |
Nettstad | www.levanger.kommune.no |
Ytterøy kommune er ein tidlegare kommune i Nord-Trøndelag. Kommunen vart slått saman med Levanger kommune 1. januar 1964. Kommunen omfatta ved samanslåinga Ytterøya.
Fram til 1917 heitte kommunen Ytterøen.
I det tidlegare kommunehuset frå 1950-talet er i dag Ytterøy skole.
Ytterøy var eige formannskapsdistrikt frå 1837 og omfatta på dette tidspunktet også Mosvik og Verran.
1. januar 1867 vart kommunen delt i to og Mosvik og Verran skild ut som eigen kommune. Ytterøy hadde 1 499 innbyggjarar etter delinga.
Ytterøy var sjølvstendig kommune fram til han vart slått saman med Levanger 1. januar 1964. Då hadde innbyggjartalet falle til 722.[1]