Zari (eller jari) er ein jamn metalltråd tradisjonelt laga av fint gull eller sylv som blir brukt i tradisjonelle indiske, bangladeshiske og pakistanske klede, særleg som brokade og broderi til sariar og liknande.[1] Tråden blir voven inn i tøyet, som typisk er av silke, eller brodert i ulike mønster, såkalla zardozi. Zari blei utbreidd under mogultida, the port of Surat was linked to the Meccan pilgrimage route which served as a major factor for re-introducing this ancient craft in India.[2] During the Vedic ages, the gold embroidery was associated with the grandeur and regal attire of gods, kings, and literary figures (gurus){as shown in the movies}.
Zari blir mykje brukt til å dekorera silkesaraiar og ghararadrakter. Det kan også brukast på andre silkeklede, som lehenga (skjørt), tsjoli (bluse), kurta og dhoti.
Ordet zari stammar frå persisk.[3][4][5]
Zari blir laga med metalltråd som ein vever eller broderer med. Denne tråden blir laga ved at ein vinnar eller omsluttar ei flat metallstripe laga av reint gull, sølv eller metallisk polyesterfilm på ei garnkjerne, vanlegvis av silke, viskose, bomull, polyester eller liknande.
Metallisk zari er ein modernisert versjon av zari som erstattar tradisjonelle metall som gull, sølv og koppar. Det er billigare å laga, men også varig og lett. Metallet held på skinnet sitt ei god tid.[6][7][8]