Zmutt

46°0′23″N 7°43′1″E / 46.00639°N 7.71694°E / 46.00639; 7.71694

Grenda Zmutt
Dalen Zmutt

Zmutt (òg skriven Z'mutt, Z'Mutt, Z-Mutt) er ein liten lansdby i kommunen Zermatt i Valais i Sveits, 1936 moh i Zmuttdalen (Zmuttal) vest for Zermatt. Landsbykapellet er tileigna St. Katrina av Alexandria, vernehelgenen til Valais. Dalen passerer nordsida av Matterhorn og endar opp ved Zmuttbreen ved grensa til Aostadalen i Italia.

Zmuttdammen ved 46°0′28″N 7°42′34″E / 46.00778°N 7.70944°E / 46.00778; 7.70944, vart bygd i 1964, og har ei høgd på 74 m og ein kapasitet på 850 000 m³. Reservoaret får vatn frå Bis, Schali og Gornerbreen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]