Zurbahan

Zurbahan er eit fjell i Hekimhan i provinsen Malatya aust i Tyrkia. Det ligg ved øvre Eufrat i Aust-Anatolia. Det har ei høgd på 2091 meter over havet og er synleg frå ein avstand på 100 km i klår luft. Fjellet har mineralressursar og det vert dyrka aprikos ved foten av fjellet.